tirsdag 23. juni 2009

Sumarferie!


Endeleg er det ferie! Sol og sumar skal nytast over lengre tid. Det blir ein tur innom Danmark, og Øyafestivalen :D

Dog, eg har ikkje så mykje fri, skal jobbe 5 veker i eit laboratorium/prøvebakeri!


Diverre førar dette til at klassen min etter 3 år på vidaregåande blir spreidd over heile verda, imorgon blir det ein tårevåt avskjed med pølser og givande talar...

mandag 2. mars 2009

Vinterferie!



Endeleg er det vinterfeire! Den har eg sett fram til heilt sidan advent. Diverre er det noko som trekkjer denne ferien litt lengre ned på ferieønskelista, eg har fått meg jobb. Eg tener litt pengar, for det treng eg. Eg jobbar i heimehjelpen på Vaxd. Noko som eigentleg er greit, sidan eg har godt av det, men eg skal ikkje lyga og sei det ikkje hadde vert godt med litt søvn på morgonen...

Så no er det berre å gle seg til påske, for då har eg fri! :D

lørdag 21. februar 2009

Natur



Eg får ta naturfagprøven som gjekk ekstremt dårleg på nytt!! Og då eg seier dårleg, meinar eg eg dårleg, ojoj. Naturfaglege likningar er ikkje mi greie, men i morgon er det! For eg skal ta prøva opp att på måndag! Tjohai!!!! Då kan eg ALT!

fredag 20. februar 2009

Finterdag!



I dag er det Finterdagen, 20. Februar!
Me feira den i klassen med kake og muffins. Etter det leika me sett brilla på Finn. Det var veldig morosamt, men eg vann ikkje. Det er gøy å lage heilagdager, all unskyldning for å feire er bra! Det varte dog ikkje så lenge, sidan me fekk tidleg fri. Men fri skal man ha på heilagdager, det passerseg.

Ha ein fortsatt god Finterdag! <3<3

søndag 15. februar 2009

Tynn luft



Stakkar Wadlow, han var ekstremt høg. Han ser veldig grei ut, eg kunne ønske eg kjende han. Wadlow døyde då han var 22, 1940. Slapp å oppleve den andre verdskrigen då... Det haddde vert alt for lett å truffe han.

onsdag 21. mai 2008

mandag 19. mai 2008

Ny dag, nye moglegheita


Me har no fått eit prosjekt på skulen, som går ut på å ta bilete. Me må ta bilete i 10 forskjellige situasjonar, og alt må bli gjort i tidsrommet 20 April kl.24 til 24. :O dette kan bli interessant. Og me må ta bilete i Bergen kommune. Den svei litt dog.

Oppdateringar føljer! kanskje det ferdige resultatet kjem her også???!! Olala